Klasseblogg |
Tysdag 13. oktober, klokka 10 blei me køyrt til Longastykket i minibussen. Klassen samla seg og Merethe tok nokre bilete av oss. Me starta turen mot Midtfjellet. Veret var nydeleg! Det var ikkje ei sky på himmelen, og heldigvis ein lett bris til å kjøle oss ned i varmen. Me enda til slutt opp på Kongskleivi, og gjekk etter kvart ned til Selbjørn Skule, kor me fann to benkar å setje oss ned på. Merethe, Ingrid og Amalie, som gjekk ein anna tur, kom med pizza og cola frå Spar Bekkjarvik. Me kosa oss, og spelte sandvolleyball resten av dagen. Foto: Merethe Vik Lundekvam, Eli Norunn Torgnes Sæle
Forfattar: Marius Vassnes
0 Comments
Tysdag 25. august har me vore å gjort ein super innsats i skjærgården Austevoll, i samarbeid med Skjærgårdstjenesten. Me har plukka titallsvis med fulle sekkar plast. Heile VG1 deltok i aksjonen. Kvar klasse fekk kvar sin båt som tok oss ut til holmen me skulle rydde. Helse og oppvekst gjekk ombord i "Frifant" som tok oss ut til Stora Laugarøya. Halv eitt kom båten "Ingeborg" og køyrte oss til Trellsøy, der alle klassane åt lunsj saman, og samarbeidde om å plukke plasten som var å finne der. Foto: Merethe Vik Lundekvam og MV
Forfattar: Marius Vassnes Endeleg er klassen komen på plass, og Eli har byrja å lære navna våre! Me har brukt ein del tid på å bli kjend med skulen, lærarane og kvarandre. Me har spela bingo, og blitt introdusert for nokre av faga me skal ha i år. Merethe bretta opp erma og prøvde seg for første gong som bingovert. Me fekk oss ein god latter når Merethe ikkje klarte å seie anna enn "0" for Ole, kvar gong ho fekk ei brikke med bokstaven O. Kristina og Eli byrja å sjå ugler i mosen, og mistenkte at Merethe hadde ein Ole i tankane, noko ho fort kunne avkrefte. Tamina og Tina såg sjokkert bort på Emma då ho ropa bingo for andre gong. Julie og Hedda klarte også å bevise sine bingoferdigheitar når dei også slo til å ropa ut "BINGO!". Sjokkert måtte Eli gi frå seg alle premiane ho hadde kjøpt inn, inkludert solbrille paret ho helst kunne tenkt å ta sjølv. Litt krangling blei det naturligvis også, då Kristina skulle hente seg fleire brikker. Eli meinte at me ikkje kunne bruke dei gule brikkene, berre dei gjennomsiktige. "Dei må ikkje blande seg, Kristina!", ropa Eli ut. Runden avslutta brått då Merethe ropa ut O, for Ole, O førtisju. "Bingo!" Emma igjen... Foto: Eli Norunn Torgnes Sæle
Forfattar: Marius Vassnes Øvst frå venstre: Dorthe, Malena, Ida, Amalie, Emma, Tamina, Ingrid og Kristina (assistent). Nedst frå venstre: Sabri, Marius, Julie, Hedda, Tina, Alexandra, Aslaug og Eli (kontaktlærar) Foto: Merethe Vik Lundekvam Wow! No er me endeleg i gong! Måndag 17. august braka det laust og 15 elevar var klare for å starte eit spanande år på videregåande skule. Dagen vart brukt til informasjon, helse på dei nye lærarane, og bli kjent med kvarandre. Foto: Merethe Vik Lundekvam
Forfattar: Marius Vassnes |